Ei lakseruse på fleire hundre kilo er stole eller fjerna frå Seldalsvika i Etnefjorden ein gong etter klokka 21 i laurdag kveld, melder Sør-Vest Politidistrikt, ifylgje NRK Vestland.
Rusa er ein del av eit forskingsprosjekt Havforskingsinstituttet har på lakselus.
– Den har vore festa til land med kraftig tauverk, som verkar å vere kutta av, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.
Førebels er ikkje saka politimeld, men politiet ber om tips i saka.
– Det viktigaste for instituttet er at lakserusa kjem til rette, seier Fenne-Jensen.