Det skriver Havforskningsinstituttet på sine hjemmesider.

– Når fisken flyttar seg ut av området vi dekker med forskingsfartøy, kan det gi eit feilaktig inntrykk av at det er mindre fisk i havet, seier havforskar Espen Johnsen.

Det er berre eitt av døma ein ny statistisk modell skal bøte på.

Den lar forskarane anslå kor mykje fisk det er i område som er dårleg dekka av forskingstokt eller andre «blindsoner» på sjøkartet.

Modellen er publisert i ein vitskapleg artikkel der den blei valt ut som Editors choice. Den er resultatet av eit godt samarbeid mellom Norsk reknesentral og Havforskingsinstituttet.

– Det er ikkje alltid vi greier å tråle på dei planlagde punkta. Dårleg vêr kan hindre deler av toktet, det kan vere driv-is i vegen, eller avgrensa tilgang til andre land sine farvatn, forklarer havforskar Espen Johnsen.

Dette fører til blindsoner der forskarane manglar informasjon om fisken, hol i statistikken.

– Den nye statistiske modellen brukar informasjon frå tidlegare tokt der «blindsonene» er godt dekte. Den tygger informasjonen gjennom avansert statistikk. Ut kjem eit mengdeanslag på fisk i blindsona pluss ein score på kor truverdig det er, seier Johnsen.